Arrangement

Sanketur: Framande artar- frå problem til ressurs?

Arrangeres av:

Aurland Husflidslag og Voss og indre Sogn Sopp- og nyttevekstforening inviterar til sanketur for å lære meir om kva framande artar kan brukast til. Framande artar er "nye" i Norge det er lite kunnskap å finne om om dei i tradisjonell norsk plantebruk.

Vi møtast på Aurlandvangen og sankar planter i gåavstand derifrå.

Vi startar med litt introduksjon om kva framande artar er og dømer på ulike bruksområder.

På sankedagen finn vi framande artar vi har lokalt i Aurland og ser på ulik bruk: hovusakleg vil dette vere korleis vi kan nytte det vi sankar til mat, plantefarging eller fiber til ulik bruk. Vi lærer av kvarandre!

Du treng ikkje ha erfaring frå før – berre ta med nysgjerrigheit og kle deg etter vêret. Ta også med hagsaks, hanskar og boksar/posar /korg til å sanke i, og ein pose til avfall. Det er viktig å kaste det vi ikkje skal bruke på rett måte, slik at vi hindrar vidare spreiing.

Dato: 6. September kl 11:00-15:00

Stad: Utanfor Heradshuset (Helabrotet 2, 5745 Aurland)

Velkomen til ein dag der vi ser på framande artar med nye auge – som noko vi kan lære av, utforske og kanskje også lage noko av.

Sankedagen er gratis for medlemmar i Husflidslaget og Sopp- og nyttevekstforeningen. For andre kostar det 100 kr. (Vipps til 97 14 21 12 ved påmelding.)

Påmelding her i Friskus!

Kontaktpersonar:

Gry Mørk: 95 14 14 38

Kaja S. Moen: 97 14 21 12

Kategori
Active

Kopier lenke for å dele til Facebook-grupper

September 6, 2026

09:00 — 13:00

Praktisk informasjon

Sted:Heradshuset
Adresse:Helabrotet 2, 5745 Aurland, Norge
Kontaktperson:

Ta gjerne kontakt om du lurer på noe.

1 / 15Deltakere

Kart