Arrangement

Geologiens dag 2026 - Stasjonar & foredrag på Heradshuset!

Arrangeres av:

Verdsarvparken får storfint besøk på Heradshuset av Yggdrasil linjeforening ved Institutt for bygg-, miljø- og naturvitskap, HVL campus Sogndal, kor studentane arrangerer Geologiens dag!

Visste du at berggrunnen i indre Sogn består av tre store plater stabla oppå kvarandre? Korleis kom desse på plass?

Jo, under ein enorm kollisjon mellom to kontinent! Velkommen til ein spennande dag med mange aktivitetar knytte til vulkanar, jordskjelv, mineral, brear og andre geologiske fenomen som formar landskapet rundt oss!

Program:

Kl. 11-14 på Heradshuset:

• Aktivitetar knytte til vulkanar, jordskjelv, mineral, brear og andre geologiske fenomen som formarlandskapet rundt oss! Studentane set opp ei geologi-løype for store og små, med quiz, overraskingar og premiar! Kaffi og kaker!

Kl. 14-15 på Trudvang kino:

• Foredrag av Stein Bondevik om «Geologien i Aurlandsdalen gjennom brillene til ein geolog – og gjennom kameralinsa til ei drone».

Håpar du kjem!

Kategori
Learn

Kopier lenke for å dele til Facebook-grupper

Plakat Geologiens Dag

September 12, 2026

09:00 — 13:00

Praktisk informasjon

Sted:Heradshuset
Adresse:Helabrotet, 5745 Aurland, Norge
Kontaktperson:
Eksterne lenker:Nettsted Geologiens Dag

Ta gjerne kontakt om du lurer på noe.

Kart