Nærøyfjorden Verdsarvpark jobbar med å skape ei integrert områdeforvaltning og auka verdiskaping bygd på lokale natur- og kulturressursar.
Verdsarvparken er ein av dei første norske regionalparkane, og er eit resultat av utviklingsprosessar som har starta på grasrota. Etableringa sprang ut av eit ynskje om eit heilskapleg grep om natur- og kulturbasert samfunnsutvikling og eit behov for å samordne kommunar og aktørar med tilknyting til verdsarvområdet.