Arrangement

Nissetog på Flåmsbana

Arrangeres av:

Velkomen om bord! Tradisjon tru inviterer Flåmsbana til ein kjekk førjulstur for heile familien, der julenissen er med på toget😍

Turen går opp til Myrdal og ned att, med ein stopp ved Kjosfossen der barna kan ta bilete med nissen. Undervegs går han rundt i vognene med små overraskingar, og det blir god julestemning heile vegen✨ Ein uforgløymeleg tur med juleglede, natur og små overraskingar.

🕐 To avgangar, vel den som passar best:

Laurdag 5. desember – kl. 11:45-14:05 Tur/retur Flåm

Søndag 6. desember – kl. 11:45-14:05 Tur/retur Flåm

📍 Oppmøte: Flåm stasjon

❗️Vennligst merk at avgangen er merka «Nissetog» når du kjøper billett.

🎟️ Prisar

Vaksen: 330 kr.

Born 6–17 år: 165 kr.

Born 0–5 år: gratis.

NB! Ambassadørkort gjeld ikkje for nissetoget.

🎄 Gjer dagen komplett

Etter togturen kan de avslutte dagen med familiejulebord i Restaurant Arven på Fretheim Hotel. Der ventar tradisjonsrik julemat, eit godt dessertbord og eigen barnebuffé. Borna kan kose seg på juleverkstaden, og det blir utdeling av julegåver. Alle som har teke nissetoget, får rabatt på julebordet mot å vise billetten. Vil de gjere ei heil helg av det, har me òg ein overnattingspakke med julebord, overnatting og frukost.

👉 Les meir og kjøp billettar: https://www.norwaysbest.com/no/flam/arrangement/flamsbana-nissetog

Kategori
Together

Kopier lenke for å dele til Facebook-grupper

December 5, 2026, 10:45 — December 6, 2026, 13:05

Praktisk informasjon

Sted:Flåm Stasjon
Adresse:Flåm, Norge
Kontaktperson:
Billetter

Ta gjerne kontakt om du lurer på noe.

Kart