Fredsfuglar og poesi – ei kreativ stund for fred 🕊️
Leo Møystad er andreårselev ved Sogn Jord- og Hagebruksskule (SJH) og inviterer til ei kreativ og fredeleg stund med origami og poesi.
Saman brettar vi fredsfuglar av papir og deler dikt som vi forbind med fred. Ta gjerne med eit dikt du er glad i, eller som betyr noko spesielt for deg. Vi les for kvarandre medan fuglane tek form.
Du treng ingen forkunnskapar – berre lyst til å vere med!
Enkeltbillett medlem/ordinær: 50/100.
Vipps til 33485 . Betal på førehand eller i døra