Velkommen til Fredsdagane TUSENHJARTESLAG 2026!
Det blir opningsord og informasjon om programmet før vi viser filmen “Vi som solgte landet”.
Om “Vi som solgte landet”:
Kva skjer med den norske naturen når vindmøller, datasenter og gruvedrift vert prioritert? Og kven sit eigentleg att med gevinsten?
I dokumentarfilmen «Vi som solgte landet» tek regissør Kieran Kolle oss med på ei visuelt vakker, men ærleg reise til lokalsamfunn som Haramsøya, Førdefjorden og Sokndal. Filmen set eit kritisk og nært søkelys på det grønne skiftet, naturmangfaldet og kva konsekvensar store industriutbyggingar har for menneska som bur der.
Dette er ein film som engasjerer, provoserer og inviterer til debatt om hvem som faktisk eig skogen, havet og fjella våre.
Pris for enkeltbillettar: Medlem i filmklubben eller Folkeakademiet: 50. Ordinær: 100.
Billett i døra dersom du ikkje har helgepass.
Vil du bli medlem i Folkeakademiet Aurland? Trykk her.
Vil du bli medlem i filmklubben? Trykk her .