Aurland Skyttarlag har gleda av å invitera til skyteskule med oppstart 19. oktober 2026. Skyteskulen vil gå over 5 kveldar i skytehallen (Aurlandshallen), kvar måndag frå den 19.oktober til og med 16 november. Skyteskulen tek kring 1 time.
Skyteskulen er berekna på nybegynnarar og dei som ikkje har skote tidelegare. Nedre aldersgrense er 10 år (5 klasse og oppover). Yngre kan også vere med dersom dei viser modnad og forståing for skyting. Ved stor påmelding vil born f.o.m 10 år gå føre.
Kvar kveld er bygd kring litt teori og mest praktisk skyting. På skyteskulen vil elevane få eit innblikk i kva skytesporten går ut på, og kva god våpenkultur inneber. Dei vil læra grunnleggande skyteteknikk, behandling av våpen og det vil leggast særleg vekt på sikkerheit og trivsel. Tema er mellom anna våpenhandtering, sikkerheitsreglar, skytestilling, sikting, pusteteknikk og avtrekk.
Skyteskulen er gratis for alle som vil delta, og inkludera kursmateriell, ammunisjon og enkel servering. Skyttarlaget har våpen og alt anna utstyr til gratis utlån. Me set krav til at ein føresett følgjer eleven gjennom kurskveldane. Dette for å bli kjend med skyttarlaget og sjå kva me held på med. Kanskje får nokon lyst å prøve sjølve?
Påmelding skjer til skyttarlagets e-post: Aurland@skytterlag.no
I påmeldinga er det fint om de skriv namnet og fødselsdatoen til deltakaren, adresse, e-post og mobil til føresette.
Kontaktperson er vår ungdomsleiar Kjell Bøe Bjørgum, han har telefonnummer: 48193628. Ta gjerne kontakt om de har spørsmål.