Dette er enkle styrke- og balanseøvingar for deg som vil halde deg i form og stø på beina – ikkje noko å vere nervøs for, berre triveleg trening i eige tempo, saman med andre.
Vi trenar tysdagar kl. 11:00 i Flåm samfunnshus (inngang ved matsalen i kjellaren). Kom gjerne innom!