Fred og beredskap – kva førebur vi oss på?
Med Siri Helle og Johanne Margrethe Hartwig
«Vil du ha fred, må du førebu deg på krig», sa dei gamle romarane. Men kva om vi snur på det: Vil du ha fred, må du førebu deg på fred? (Si vis pax, para pacem)
I ei tid prega av krig, uro og opprusting inviterer vi til to føredrag og ein samtale om fred og beredskap. Kva vil det seie å byggje eit fredeleg og motstandsdyktig samfunn? Og kva kan vi sjølve gjere?
Johanne Margrethe Hartwig har gjennom mange år engasjert seg i fredsarbeid, mellom anna gjennom Hardangerakademiet og samarbeidet med fredsforskaren Johan Galtung. Ho utfordrar oss til å tenkje på fred som noko meir enn fråvær av krig. Fred er noko vi må arbeide aktivt for, gjennom kunnskap, samarbeid og vilje til å finne andre løysingar enn vald og konflikt.
Siri Helle er forfattar, journalist og agronom, kjend for sitt engasjement for natur, jordbruk, sjølvberging og verdien av praktisk arbeid. Ho tek utgangspunkt i mennesket sin plass i naturen og spør: Kan vi finne fred gjennom å høyre til? Gjennom å skape, dyrke og hauste utan å øydeleggje? Og kan nærleiken til naturen og evna til å klare oss sjølve vere ein viktig del av beredskapen vår?
Etter føredraga møtest dei to til ein felles samtale, der publikum også får høve til å delta.
Kanskje handlar den viktigaste beredskapen ikkje berre om kva vi skal verne oss mot, men også om kva vi ønskjer å ta vare på – og kva slags framtid vi vil byggje saman?
Begge føredragshaldarane tek med bøker som det blir høve til å kjøpe.
Pris for enkeltbillettar: Medlem/ordinær: 200/300
Pris for helgepass, gjeld alle* programpostar heile helga: Medlem/ordinær/elev eller student kl 800/1200/600
Vipps til 33485
*Felles brunsj på Mariannes på søndagen har ein eigenandel
Ingen refusjon på billett, berre om arrangementet vert avlyst
Vil du bli medlem i Folkeakademiet Aurland? Trykk her.