Kva slags vyer har du for framtida?
📅 15.–16. oktober inviterer vi til Næringskonferansen i Flåm på Fretheim Hotel.
Årets tema er “Vyer” – om å løfte blikket, sjå nye moglegheiter og utforske kva retning vi ønskjer å ta vidare.
Over to dagar får du møte sterke stemmer frå næringsliv og samfunnsliv:
🔹 Silvija Seres – Ein av dei mest visjonære stemmene i KI-verden
🔹 Benjamin Ward – Kjend frå NRK-serien Der ingen skulle tru at nokon kunne bu
🔹 Gyrid Beck Solberg – Mentaltrenar, foredragsholdar og motivator
🔹 Fredrik Fornes – Norges største arbeidslivinfluensar
🔹 Hege Toft Karlsen – Konsernsjef i Fremtind
🔹 Trond Øverås – Dagleg leiar i Nordnorsk reiseliv
🔹 Tone Myklebust – Leiar for Norconsult Sogn og Fjordane
I tillegg får du oppleve:
🔸 SognaPitch – der gründerar konkurrerer om beste idé
🔸 Lansering av boka om heimkjøpet av Flåmsbana
🔸 Fjordcruise med aperitiff om bord i Legacy of The Fjords
🔸 Konferansemiddag med prisutdelingar
🔸 Inspirerande historier frå regionen – mellom anna frå Sogndal Fotball
Konferansen samlar næringsliv, offentleg sektor og utviklingsaktørar til fagleg påfyll, nye perspektiv og gode samtalar i spektakulære omgjevnader ved fjorden.
👉 Bli med og ta del i samtalen om framtida!
👉 Sjå fullt program og meld deg på HER!
Me vil også rette ei stor takk til våre samarbeidspartnarar: Flåmsbana AS, Sognenett IT, Sogn Sparebank, Flåmsbrygga Group og Hafslund Kraft😊