Vi avsluttar Fredsdagane 2026 med kyrkjekonsert med Nils Økland.
Nils Økland er ein internasjonalt kjend musikar og komponist, og ein av dei fremste fornyarane av hardingfelespelet. Med hardingfele, fiolin og viola d’amore skaper han eit personleg musikalsk uttrykk i spenningsfeltet mellom folkemusikk, kunstmusikk og improvisasjon.
Økland har gjeve ut ei rekkje album på dei anerkjende plateselskapa ECM og Rune Grammofon, mellom anna soloalbumet Monograph, duoalbumet Lysøen med Sigbjørn Apeland og fleire album med Nils Økland Band. Musikken hans har fått stor merksemd og framifrå kritikkar både i Noreg og internasjonalt.
Som komponist har han skrive musikk for orkester, film, ballett og teater, og han har arbeidd med fleire leiande ensemble og institusjonar. Han har òg gjennom mange år halde konsertar på Lysøen, med utgangspunkt i Ole Bulls musikk og forhold til improvisasjon og slåttespel.
Nils Økland er ein artist med eit heilt eige musikalsk språk, der tradisjon og nyskaping møtest.
Avslutningsord v/Folkeakademiet Aurland.
Enkeltbillettar: Medlem/ordinær/barn av medlem/barn ordinær: 250/350/0/50 .
Vippse rett beløp til Vipps-nummer 33485, anten før konserten eller i døra dersom du ikkje har helgepass.
Ta kontakt om du ynskjer å betale på anna måte.
Vil du bli medlem i Folkeakademiet Aurland? Trykk her.