Arrangement

Tusenhjarteslag: Konsert med Urban Guffs

Arrangeres av:

""Eit urbant guffs kan jo være så mangt, men krig er i allefall skikkelig guffent!"

Gjengen i URBAN GUFFS utforskar eksistensielle spørsmål gjennom kameratskap og samhald, som motpolar til frammandgjeringa i det moderne samfunnet.

Deira kunst har som forutsetning at det er fred der dei bur, som gjev ekstra ansvar inn mot kva ein velger å seia som kunstnar, samt at ein har solidaritet med kunstnarar og mennesker generelt i krigsutsatte områder, som skapar kunst under veldig prekære omstende.

Utover deira organisasjonsarbeid er dei interesserte i å utforska vidare korleis dei kan arbeida for fred og kollektiv samhandling gjennom musikken sin. Det vonar dei festivalen kan berika dei med.

Urban Guffs er eit band sentrert rundt kameratskap, der Martin Haukedal og Frank

Hannasvik skriv låtar som spring ut av framandgjeringa som finst i samfunnet vi lever i.

Musikken ber preg av improvisasjon og originalitet, der alt frå eigne komposisjonar til

vestlandske diktarar dannar grunnlaget for eit leikent samspel. Dei gjer samarbeid med ulike musikarar, og vil ha med seg ein musikalsk gjest for anledninga.

Martin S. Haukedal: gitar og vokal

Frank Hannasvik: trommer og vokal

og gjesteartist Simen Wie!

Enkeltbillett: Medlem/ordinær kr 300/400. 18-års aldersgrense! NB! Ingen reservasjon.

Pris for helgepass, gjeld alle* programpostar heile helga: Medlem/ordinær/elev eller student kl 800/1200/600

Vil du bli medlem i Folkeakademiet Aurland? Trykk her.

*Felles brunsj på Mariannes på søndagen har ein eigenandel

Kategori
Experience

Kopier lenke for å dele til Facebook-grupper

November 14, 2026

20:00 — 22:00

Praktisk informasjon

Sted:Mariannes Bakeri og Kafé
Adresse:Odden 2, 5745 Aurland, Norge
Kontaktperson:
Deltakere på aktivitet:For personer eldre enn 18 år

Ta gjerne kontakt om du lurer på noe.

Kart