Arrangement

Kino: Katten med hatten

Arrangeres av:

Møt Katten med hatten – som du aldri har sett han før! Frå den magiske fantasien til Dr. Seuss kjem Katten med hatten til det store lerretet i sin første animerte kinofilm – eit heilt nytt, episk eventyr der rampestrekar, magi og kaos rår

Katten gjer det han kan best: spreier glede til barn på sin unike, morosame og uimotståeleg frekke måte, og tek publikum med på ein fantastisk reise gjennom ei verd dei aldri har sett før.

I filmen får vår heilt sitt tøffaste oppdrag hittil for I.I.I.I. (Instituttet for Institusjon av Inspirasjon og Imaginasjon, AS): å muntre opp Gabby og Sebastian, eit søskenpar som slit med å tilpasse seg etter å ha flytta til ein ny by. Katten er kjend for å ta ting litt for langt – og dette kan vere hans siste sjanse til å bevise kva han er god for... eller missa den magiske hatten sin!

Sjanger: Barnefilm / Animasjon / Komedie / Familiefilm

Aldersgrense med grunngiving: 6 år

Filmen inneheld enkeltscener med kraftige lyd-og bileteffektar, nokre kortvarige nifse element, og slapstick. Filmen får derfor aldersgrense 6 år.

Kategori
Experience

Kopier lenke for å dele til Facebook-grupper

December 12, 2026

15:00 — 16:47

Praktisk informasjon

Sted:Trudvang kino
Adresse:Øvregata 1, 5745 Aurland, Noreg
Kontaktperson:
Deltakere på aktivitet:For personer eldre enn 6 år

Ta gjerne kontakt om du lurer på noe.

Kart